Sommerfest for Nortura- og Tineprodusenter


Publisert: 25.06.2022

Mellom 80 og 90 stk dukka opp til sommoravslutninga på Melsom i Sandefjord tysdag 21.juni. Natursti med god blanding av nær og fjern kunneskap blei testa. Premiar blei delt ut, og to 5-årsplakettar som me ikkje hadde hatt anledning til å dele ut tidlegare.

Ledaren i Vestfold og Telemark bondelag, Aslak Snarteland, var tilstades og informera bl.a frå Årsmøtet i NB. Han trakk fram viktigheten av fellesskapet, arbeidet som dei ansatte i medlemsorganisasjonane gjorde, og ikkje minst den retninga regjeringa nå stakar ut for eit meir levedyktigt landbruk. Og forventninga me som bøndar nå har framover.

Dette er eit felles arrangement med Nortura. Det blir stadig færre bøndar òg i Vestfold og det kollegiale har lett for å bli vekk.

Når bøndar ikkje lenger treffast ved skuleavslutningar o.l fordi dei er dei einaste bøndane med ungar på den skulen, så blir slike treff endå viktigare. Me har ikkje råd til å miste kjennskap og vennskap med andre kollegaer. Uavhengig av type produksjon. Når ein nesten ikkje veit navnet på grisebonden borti svingen så blir det krevande å skape felles forståelse for landbruket generelt, og type produksjon spesielt.

Derfor har produsentlaget og dei to kretsane i Nortura stelt i stand eit par felles, sosiale, arrangement i året.

Takk til Kari Lise Joarsdotter Dybo for tekst og bilder


ALT Installasjon
Olafsen Engros AS - din lokale Norengros-grossist. Vi leverer forbruksvarer til næringslivet!
TESS slanger-tjenester-DVHP
FlexAgri as Øst-Vest
Vestfold landbrukstjenester - landbruksvikar, lærling og bemanning
Saga Regnskap Larvik as
Duett - smarte løsninger