Olav K. Jørgedal 1929 – 2021


Publisert: 29.03.2021

Tidlegare fylkessekretær og organisasjonssjef i Telemark Bondelag, Olav K. Jørgedal, døydde 22. mars, vel 92 år gammal. Jørgedal vart utnemnd til æresmedlem i fylkeslaget  i 1996, og fekk Kongens fortenestemedalje sølv i 1999. På vegne av Bondelaget i Telemark takkar me for og minnest den store og langvarige innsatsen han la ned for bøndene og landbruksnæringa i fylket.

I ein mannsalder, frå 1966 til 1996, hadde Jørgedal stillinga som fylkessekretær/organisasjonssjef i fylkesbondelaget. Blant medlemane, men også for folk utanfor organisasjonen, personifiserte han Bondelaget.

Jørgedal var beskjeden på eigne vegne, men tydeleg og sterk når det skulle kjempast for bøndenes kår, og han hugsa alltid på kven som var oppdragsgjevarane hans og til Bondelaget. Han var den som alltid etterspurde korleis standpunkt og saker påverka vilkåra for den einskilde bonde, for han og ho som gjorde jobben på åkeren og i fjøset.

Før han tok til i Telemark Bondelag var Jørgedal først rekneskapsførar ved Bø Landbrukskontor og sidan forretningsførar for Midt-Telemark Branntrygdelag. Kunnskapen om økonomi og rekneskap hadde han med seg til Bondelaget, og han var ein pådrivar for å bygge opp den økonomiske rådgivingstenesta i samarbeidet mellom Bondelaget og rekneskapslaga.

I Jørgedals tid vart organisasjonen bygd ut og Bondelaget fekk betre fotfeste i fleire bygdelag der ein ikkje sto like sterkt frå før. Han var opptatt av å samle næringa, i heile fylket og mellom dei ulike produksjonane. Ikkje minst såg han fellesskapen mellom jord- og skogbruk i eit fylke som Telemark, der mange bønder hentar inntekt båe stader.  Utmarksforvaltning og bondens rolle som grunneigar blei ein  sentral del av dette engasjementet hos Jørgedal.  Synet for å samle landbruket og organisasjonane viste han også ved å trekkje Bonde-/Bygdekvinnelaget og Bygdeungdomslaget med i lagsarbeidet på fylkeskontoret, og verksemd i Samarbeidsrådet for landbruksorganisasjonane i Telemark.

Olav K. Jørgedals tid i Bondelaget var prega av fleire store hendingar for landbruket og bygdene. Nemnast kan dei to folkerøystingane om EF/EU, kampen for eit fungerande importvern innanfor Gatt/WTO – Verdas handelsorganisasjon, opptrappinga av landbruksinntektene etter jamstellingsvedtaket på  Stortinget, men seinare den endra jordbrukspolitikken som kom med Gro Harlem Brundtland og Gunhild Øyangen, til slutt med brot i jordbrukstingingane, meieriblokade og leveransestopp i 1996. Jørgedals innsats var heilt avgjerande for den rolla fylkesbondelaget  og lokallaga kunne spele i alle desse sakene, og han gav alt for å sikre best mogleg resultat og vilkår for telebonden og bygdene.

Samtidig med bondelagsarbeidet hadde Olav K. Jørgedal eit langvarig engasjement i lokalpolitikken i Bø, der han sat både i kommunestyre og formannsskap. Framtoningen hans med eit beskjedent ytre, men ein fast merg, kom til uttrykk også der. Med eit glimt i auget refererte Jørgedal gjerne til attesten han hadde fått av ein annan bondehøvding frå Bø, Hallvard Eika:» -Dei hardaste forhandlingane eg har vore med på», hadde Eika fortalt han, «-hadde eg med deg og dei andre i Bø formannsskap.»

I takksemd lyser me fred over minnet etter Olav K. Jørgedal.

Aslak Snarteland

Leder Vestfold og Telemark Bondelag


ALT Installasjon
Olafsen Engros AS - din lokale Norengros-grossist. Vi leverer forbruksvarer til næringslivet!
Gå til Telemark Bondelag
TESS slanger-tjenester-DVHP
FlexAgri as Øst-Vest
Vestfold landbrukstjenester - landbruksvikar, lærling og bemanning
Saga Regnskap Larvik as
Duett - smarte løsninger
Gå til Vestfold Bondelag