Julemøte TINE produsentlag Vestfold


Publisert: 05.12.2022

Vestfold Produsentlag, TINE hadde fredag 25.november sitt jolemøte. Vel 60 stk hadde møtt opp. Denne gongen hadde me valgt Flykafèen. Dei leverte absolutt på bestilling. God og nok mat, hyggeleg personale og passe stort lokale. Folk var tydelegt glade for å møte kvarandre. Lett og ledigt fløyt samtalene i romet.

Her var små og store. At det var fleire yngre der som AU ikkje heilt kjende igjen var veldig moro å sjå. Den yngste var kun 10 dagar gamal! Det betyr at neste generasjon gardbrukerar er på veg og er interessera i å bli kjend i miljøet. Godt kollegiale og god kjennskap til kvarandre er alltid grunnleggande viktigt for trivsel i arbeidslivet. For oss bøndar er det spesielt viktigt sida me ofte har einsome dagar.

Årets trivelege innslag var eit lite foredrag av Anne Hege Hunskaar-Tajet. Vestfold sin ubestridte dyrehelse-dronning blandt alle våre dyktige dyrlegar. Ho gav oss eit tilbakeblikk på sin veg til den dyrlegen ho er i dag. Frå ho som lita jente blei stiv av skrekk bare ei bikkje såg på ho, til ho nå “bare triller den kua rundt” ved ein børslyng. Å få kjenne på den energien og vanvittige gløden ho har over yrket sitt er inspirerande.

Ein sjellsettande historie ho fortalde var den gong ho som ungdomsskuleelev fekk vere med på å dissekere eit grisehjerte inne på klinikken. Nesten SAMTIDIG blei ho tilbydd eit stykke Napoleonskake. Dyrlegen hadde bursdag!

Så dissekering og kake på ei gong; Jatakk! Dyrlegestudiet neste.

Litt info frå Tine fekk me òg, med oppfordring om å delta på ulike møter av både fysiske og nettbasera slag. Deretter song me sjølvsagt dei obligatoriske jolesongane. Noken tradisjonar tullar ein bare ikkje med.

Redaksjonen takker Kari Lise J Dybo for tekst og bilder

 


ALT Installasjon
Olafsen Engros AS - din lokale Norengros-grossist. Vi leverer forbruksvarer til næringslivet!
Gå til Telemark Bondelag
TESS slanger-tjenester-DVHP
FlexAgri as Øst-Vest
Vestfold landbrukstjenester - landbruksvikar, lærling og bemanning
Saga Regnskap Larvik as
Duett - smarte løsninger
Gå til Vestfold Bondelag