Jolehelsing frå Aslak


Publisert: 22.12.2021

Eit innhaldsrikt år nærmar seg slutten, og eg vil nytta høvet til å sende ei helsing til alle bønder og landbruksvener i Vestfold og Telemark. Det er tida for å sjå tilbake på viktige saker gjennom året, og ikkje minst, seie litt om forventingar og ambisjonar for 2022.

Inntektsløft
Eg har aldri i mi tid som bonde opplevd eit så stort engasjement omkring bonden si inntekt. Bondeopprøret og Bondelagets aksjonar etter brotet har gjeve oss ein talarstol vi har nytta i haust. Eit samla norsk landbruk krev ei inntekt på same nivå som andre grupper i samfunnet. Vi krev og at naudsynte forutsetningar er på plass, som importvern, mogelegheit til å regulere marknaden og auka makt i verdikjeda for mat. I plattforma til regjeringa slår dei fast at dei skal tette inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper. Eg har aldri tidlegare høyrd ein landbruksminister med slike mål om inntektsauke. Det er gode ord, men det er i forhandlingane neste år Vi må ha kroner og øre.

Jordbruksoppgjeret 2022
Eg har høge forventningar og krav til jordbruksoppgjeret. Det nye grunnlagsmaterialet vil ikkje vere klart, så det er ikkje mogeleg å talfeste «gapet». Likevel veit vi at inntektsgapet er stort, og vi må ta ei stort jafs dette fyrste året. Vi må krevje:

  • Full kostnadsdekning – dette aleine vil bli eit svært høgt beløp i år
  • Inntektsauke som andre – sjølvsagt rekna i kroner
  • Tetting av inntektsgap – det skal tettast i løpet av fire år, og då må vi ta ein stor del allereie det første året, minst ein fjerdedel

Vi skal krevje alt dette til saman! Prisane til bonden må auke, men ikkje minst vil det koste budsjettpengar.

Nytt fylkeslag

Vi har i 2021 blitt til Vestfold og Telemark Bondelag. Trass i færre møteplassar grunna korona, har eg fått bli kjend med landbruket, bøndene og lokallaga i den delen av fylket eg kjende minst frå før. På same måte har styremedlem frå gamle Vestfold blitt kjend i Telemarksdelen. Vi er eit stort landbruksfylke, og produksjonen vår er VIKTIG og VARIERT. Ein ny verdiskapingsrapport syner at vi i vårt fylke står for fjerdeparten av fleire viktige produkt, som matkorn, eple og grønsaker. Utmark og beiteressursar nyttast til matproduksjon og gjev eit kulturlandskap turistnæringa er avhengig av. Eg håper Vi i det nye fylkeslaget aukar forståinga av at vi er avhengig av kvarande og utfyller kvarande. Vi har ingen bønder å miste!

Medlemsvekst

Trass i at det heile tida blir færre bønder, har Vestfold og Telemark Bondelag hatt medlemsvekst i 2021. Dette syner at den einskilde bonde skjønar at vi er sterkare saman. Som den største og viktigaste organisasjonen for bønder, håpar eg at vi kan styrke samhaldet mellom ulike produksjonar og størrelse.

Eg ynskjer alle ei fredfylt julehøgtid!!

Med jolehelsing frå Aslak Snarteland, leiar i Vestfold og Telemark Bondelag

 


ALT Installasjon
Olafsen Engros AS - din lokale Norengros-grossist. Vi leverer forbruksvarer til næringslivet!
Gå til Telemark Bondelag
TESS slanger-tjenester-DVHP
FlexAgri as Øst-Vest
Vestfold landbrukstjenester - landbruksvikar, lærling og bemanning
Saga Regnskap Larvik as
Duett - smarte løsninger
Gå til Vestfold Bondelag