Eplefest!


Publisert: 22.09.2021

Fruktbygda byr nok ein gong på seg sjølv, og det er ikkje lite den har å lokke med. Trass i pandemi og redusert aktivitet dei siste to åra, står eplefesten på Gvarv seg godt og skapar forventning og fine, tilpassa opplevingar blant eit godt blanda publikum. Dette skriver redaktør i Bø Blad, Hilde Eika Nesje i Eplefestavisa. Den kan du lese elektronisk her. 

Norsk Eplefest blei arrangert for første gong i 2006, og har med åra vakse seg stadig større og meir kraftfull. Målet frå starten var å plassere fruktbygda Sauherad på noregskartet. Det målet er festivalen, som på ein unik måte bind saman frukt-og kulturaktørar, i ferd med å nå. Fruktbygda får stadig større merksemd, både lokalt, regionalt og nasjonalt, og det er ikkje bare takka vere naturgjevne gode føresetnader. Hardt arbeid, ei unik samarbeidsevne og vilje til å løfte i lag har ført eplefesten og fruktmiljøet dit dei er i dag.

Det som gjer Norsk Eplefest stor er at den evnar å nå eit utvida publikum. Rett nok er kortreist, økologisk og lokalprodusert mat i vinden og noko som lokkar til seg stadig fleire folk automatisk. Lokale produsentar klarar i tillegg å utnytte dette ved å satse på kvalitet på alle hald, både i smak og presentasjon. Det som er det unike er likevel at det er fleire bransjar som dreg i samla flokk i fruktbygda. Slik blir det ein unik miks av det som er særeigent.

Å trekkje inn det rike kunst- og musikklivet i bygda løftar eplefesten litt ekstra. Dei mange kunstnarane og galleria i regionen blir trekt inn i festivalen og blir eit stødig ekstrabein for eplefesten å lene seg til, som eit supplement til dei hardtarbeidande fruktprodusentane som er kreative både aleine og i lag. Når eplefesten blir ei oppleving i seg sjølv har ein nådd langt – og dit har Norsk Eplefest kome i dag.

I den samanslåtte kommunen Midt-Telemark er Eplefesten på Gvarv ein av dei store opplevingane i årssyklusen som alle innbyggjarar bør gjere seg kjent med og omfamne.

Hele teksten er hentet fra Eplefestavisa

Her finner du eplefesten på facebook


ALT Installasjon
Olafsen Engros AS - din lokale Norengros-grossist. Vi leverer forbruksvarer til næringslivet!
Gå til Telemark Bondelag
TESS slanger-tjenester-DVHP
FlexAgri as Øst-Vest
Vestfold landbrukstjenester - landbruksvikar, lærling og bemanning
Saga Regnskap Larvik as
Duett - smarte løsninger
Gå til Vestfold Bondelag