Sommarhelsing fra leiaren i Telemark Bondelag

Det er lov å ta seg ein liten pust i bakken og ein ferie, sjølv om ein er bonde, skriv Trude Flatland.
Sommarhelsing til medlemmar og venar av Telemark bondelag 
Sommaren er her og det er «heltisk» (heltisk er når ein helt jobbar og har det hektisk) aktivitet på gardar rundt om i fylket.
Som bønder har me ikkje «sommarferie» som andre, men me har mykje og viktig arbeid som skal gjerast!
Det er likevel noko anna enn det me driv med til andre tider på året.
Me haustar av naturen og me nyttar ressursane me har rundt oss til å produsere mat til «alle andre».
I butikkane har me fått smaken av Telemark i nydeleg og søte jordbær, morellene er her straks og det er bare å glede seg til dei første norske epla!
Det ser ut som kornavlingane kjem fint.
Det er mykje drøvtyggerar ute på beite og driv me sin magi, dei gjer nemleg gras og ville vekster om til mjølk og kjøt.
Ta vare på kollegane, ta vare på bonden, vis hensyn til åker, hage, eng og dyra på beite. Hald hunden i band og «trø ikkje i graset».
Håpar alle får ein god sommar, gode avlingar, fine dyr og magiske stunder.
Og hugs, det er lov å ta seg ein liten pust i bakken og ein ferie sjølv om ein er bonde.
Ta ein is, les ei bok, ta ein tur – rett og slett KOS deg i sommar.
God sommar til dykk alle!
Beste helsing
Trude