Sommoravslutning

Publisert: 16.04.2022

I tråd med tidlegare normale år blir det i år endeleg arrangert sommoravslutning på Melsom VGS. Det blir grillmat frå Nortura, drikke, yoghurt og dessert frå Tine.

Ledar av Vestfold og Telemark Bondelag, Aslak Snarteland kjem.

Grillane er varme frå kl.19.00, men programmet startar ikkje før 19.30. Me satsar på fantastisk flott vèr og ynskjer små, store, vaksne, kårfolk, avløyserar og arbeidsfolk velkommen!