Motivasjonskurs for nye eigarar i Fyresdal

Publisert: 24.08.2022

https://ostafjells.nlr.no/kalender

Nye eigarar til landbrukseigedomar i Fyresdal er spesielt inviterte til Motivasjonskurs over to kvelden den 6. og 7. september. Også de som ennå ikkje har overteke slike eigedomar er velkomne på kurset.

Kurset er ein del av prosjektet Grønt i Fyresdal og er gratis å delta på. Det er Fyresdal Bondelag som eig prosjektet og prosjektet har fått økonomisk støtte frå dei regionale tilretteleggingsmidlane i Vestfold og Telemark fylkekommune og Omstillingsrådet i Fyresdal. Indirekte bidreg også Fyresdal kommune og sjølvsagt Fyresdal Bondelag. NLR Østafjells har prosjektleiinga.

Kurset har påmeldingsfrist 1.september. Påmelding til arne.nokland@nlr.no eller sms til 948 08 749 med navn – mailadresse og telefonnummer.