Fagmøte om sal og marknadsføring av småskalaproduksjonar
Gro Hommo og hennar kvite geitost – Stavsfjell vann gullmedalje i Oste-VM i Wales sist veke. Ho blir med og deler erfaringar på fagmøtet sal og marknadsføring av lokalprodusert mat på Næringshuset i Fyresdal. På same møtet vil også Mie Dahlmann Jensen dele erfaringar rundt sal og marknadsføring av varer frå Hyllest.
I pausen blir det smaksprøver å få av både Hyllblomstsaft, gullmedaljevinnande ost og flatbrød.
Grønt i Fyresdal mottek støtte frå regionale tilretteleggingsmidlar i Vestfold og Telemark (Vestfold og Telemark fylkeskommune), prosjektet Omstilling i Fyresdal og Fyresdal kommune.
Fagmøtet er gratis å delta på. Ingen påmelding.
Meir om møtet: Fagmøte om sal og marknadsføring | NLR Østafjells
Vedlegg:
gro-hommo.jpg
gro-hommo.jpg