DYRSKU’N 11.-13. september
Dyrsku’n samlar årleg 90 000 gjester frå heile Noreg til handel og rotekte kulturopplevingar, tre dagar i september.
Den mangfaldige messa med dei lange tradisjonane er staden for mange unike og fruktbare møte mellom tradisjon og nyskaping, gründerar og etablerte firma, og mellom by og land. I dessa møta skapast kunnskap og stoltheit om norske tradisjonar og norsk bygdekultur, så vel som nyskaping og gründerverksemd.
160 ÅR med røter – og blikket retta framover
I ÅR MARKERER DYRSKU’N eit heilt spesielt jubileum. I 160 år har Dyrsku’n samla folk, kunnskap og tradisjonar på tvers av bygder og generasjonar. Frå dei første møta mellom bønder med ynske om å dele erfaringar og utvikle landbruket, har Dyrsku’n vakse til å bli ei av dei viktigaste møteplassane i landet – og ein folkefest som år etter år samlar titusenvis av menneske.
Sjå program for Dyrsku’n for de ulike dagane:
Kjøp billetter her
